Mitt fyrste prosjekt

Eg har ikkje strikka sidan eg strikka skjerf på barneskulen. Med berre rette mauskar. 

Nei, det er ikkje heilt sant. Eg strikka litt når eg var lærling i bunadtilverkarfaget. Då lærte eg både strømper og bunadhue. Men det vart berre med prøvelappane då.

I haust starta eg derimot på eit stort strikkeprosjekt, ein genser til meg sjølv! Utan heilt å vite kva eg gav meg ut på.

Eg starta med godt mot, med pinnar nr. 8 og 9, og kom ganske langt også før eg la heile genseren til side. For jula nærma seg, og systera mi hadde også lyst på genser! Så eg hoppa over på eit nytt genser-prosjekt, og strikka på den i staden før jul. 

Ingen av dei vart heilt ferdige til jul, diverre... Men det er enno eit håp for begge to! :)

 

Her er bilete av min genser (så langt eg kom), og systera mi får ein med fargane i bladet:

 

#strikk #genser #dalegarn #påfugl

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Frøken Sofie

Frøken Sofie

28, Giske

Ane Sofie R. Blindheimsvik Jobbar som bunadtilverkar og butikksjef i gåve- og interiørbutikk Har nyst starta med strikking, og driv elles mykje med handarbeid. Er også glad i oppussingsprosjekt og liknande.

Kategorier

Arkiv

hits